Strandryddeaksjon på Allmenningen i Roan

Roan frivilligsentral SA fekk etter søknad støtte frå Handelens miljøfond til strandrydding i Roan i 2019. Så langt har det blitt rydda rundt 60 kubikkmeter med avfall. Onsdag 28.og torsdag 29.august har ungdomstrinnet på Brandsfjord skole vore på Allmenningen og rydda to strender. Det var utruleg mykje avfall! Rundt 20 ungdommar rydda i 4-5 timar, og fylte opp ein 15 meter lang flytekai med plastavfall. Ungdommane og to vaksne overnatta på Jon-brygga, som vi fekk låne frå Roan seglforening. Mannskap frå Salmar fraktar torsdag ettermiddag avfallet inn til container på Roan havn. Takk til Salmar for bistand. Takk også til Thorleif Richardsen, Harald Erik Storslett og Kjell Arne Viken for god hjelp til frakting av både folk og avfall. Sjå bilete frå aksjonen nedanfor

Raud strek viser området vi rydda.


Vi var heldige med veret!










Avfallet blir heist ombord og transportert til container på Roan havn av båt frå Salmar-

Litt forfriskningar må til!

Besøk på butikken etter Jon Almenning.


Kontakt

c/o Trygve H. Rullestad, Bryggneset 15,
7190 Bessaker

Organisasjonsnummer
994025651

Sosiale media

2022 © Roan frivilligsentral SA