Oppsummering strandryddeaksjonen i Roan 2019

Strandryddeaksjonen er avslutta for i år. Totalt vart det samla inn ca. 110 kubikkmeter eller 13750 kg plastavfall i perioden 01.05-30.09. Vi reknar med at rundt 90 personar har vore med på aksjonen. Vi håpar på stor oppslutning også i 2020. Nedanfor nokre bilete frå årets aksjon og oversikt over innsamla avfall på landsbasis og i Trøndelag.


Her ser ein avslutta ryddeaksjonar i Roan og Åfjord i 2019. Ryddinga på Kuløya, Været og Almenningen er inkludert i "sekken" ved Roneset.

Her blir innsamla avfall henta på Sandøya.

Traktor må til for å handtere det tyngste.

Konteineren fyllest opp med eit variert innhald.

Elevar på ungdomstrinnet på Brandsfjord skole på veg ut til ryddeområdet på Almenningen.

Vakkert på sjøen, men mykje plast på land. 

Dette er resultatet etter ca fem timars arbeid av 25 personar på Almenningen. Flytekaia er ca. 15 meter lang.

2024 © Roan frivilligsentral SA