Børøya ferdigrydda!

Heile Børøya er no ferdig rydda for plastavfall/marint avfall. Totalt vart det transportert til fastlandet 70 sekker med avfall + 2 båtlaster med lausgods (kassar, kanner m.m.). Det er veteranane Hild, Einar Johan, Kari, Sigurd og Sølvi som har stått for det meste av ryddinga. Sjå bilete frå ryddinga nedanfor. Roan frivilligsentral oppfordrar andre lokalmiljø i kommunen til å ta eit tak og rydde. Fint om de rapporterer til Roan frivilligsentral om ryddeaksjonane undervegs og i etterkant med tekst og bilete så skal vi leggje det ut på nettsida vår.

Om du eller ditt lag/organisasjon har rydda, meld inn talet på sekker som er rydda til Roan frivilligsentral SA, e-postadresse post@roan.frivilligsentral.no . Send også med bilete frå ryddeaksjonane, slik at vi får god dokumentasjon på innsatsen.

Ikkje snø, men oppløyst isopor!

Mykje taurestar å finne også.



2024 © Roan frivilligsentral SA